Skålatårnet                                                                                       Sist oppdatert: 04. 07 2006

Skåla(1848 m.o.h.) - På veg til Lodalen kjem du til garden Tjugen. Mellom vegen og elva kan du parkere bilen når du går laus på fjellstigninga som i meter over havet overgår Galdhøpiggen (2452) meter. Ikkje la deg avskrekke av dette! Første timen er ein tradisjonell bratt sti til ei vestlandssæter. Neste går langsmed ei fossande elv. Så kjem ei stigning i jamne slynger som minner om ein høgfjellsveg. Så kjem du til Skålavatnet. Dei to neste timane går over snø og steinurer. På slutten kjem oppmuntringa. 1000 helle-lagte trappetrinn og eit storslått utsyn over Nordfjord. 

 

Då har du gått frå null til 1848 meter og er oppe ved Skålatårnet - opprinneleg kalla Klaumannstårnet (bygt i 1890-åra). Turen kan ta mellom fire og seks - sju timer. Etter å ha smelta snø og drukket te, kaffe eller suppe kan du velje å gå ned att same dag eller overnatte i ei av dei tre halvsirkel forma sengene med tilrådd plass for 22. 

 

 

Ein vil neppe bli avvist, men planlegg du tur i helga løner det seg å kontakte eigaren Bergen Turlag og høyre om det er større grupper som har planlagt overnatting. Dagen etter kan du anten gå same turen ned att, eller har du tinga breførar kan du gå ein spektakulær tur på 6-7 timar på breen og kome ned på Bødalsætra der turlaget har hytte.